I Naustdal bur det ein veteran som har fått vere med på litt og kvart.
I lokalavisa har han fortalt litt om kva han har vore med på, han er og ein av dei som er med i boka Veteran. Den Gjøran har og halde foredrag for NVIO avd Sogn og Fjordane. Og han skal i morgon kveld halde eit foredrag på Sunnfjord Hotell.
Fekk dessverre ikkje vere på fordraget som Dan Gjøran hadde på Sunnfjord Hotell i går, men har fått rapport frå det. Dette var på ein plass med alkoholservering, det var 240-250 personar tilstade, og når Dan Gjøran snakka så var det så stilt at ein kunne høyre ei knappenål falle.
Mi ærlege meining er at desse forskjellige Veteran organisasjonane burde gripe fatt i mannen og bruke han til å halde foredrag landet rundt....
Kommentér